Kort fortalt

Lakseskattforhandlingar 23. mai

Vert utsett ei veke.

13.05.2023

Stortingets finanskomité skulle etter planen vere ferdig med innstillinga si om grunnrenteskatt på havbruk 16. mai, men no blir fristen utsett.

Det opplyser saksordførar Geir Pollestad (Sp) til E24.

– Vi utset til 23. mai, men behandlinga i Stortinget ligg fast til 30. mai. Vi vil framleis vere godt innanfor Stortingets fristar, seier Pollestad.

Han fortel at dette ikkje er nokon «big deal».

– Vi treng meir tid til å bli ferdige, seier Pollestad til avisa.

Neste møte om lakseskatten er enno ikkje fastsett, men det vil setjast opp eit møte neste veke, seier han vidare.

Den omdiskuterte skatten vart innført frå 1. januar i år, men akkurat korleis regjeringa vil ho skal sjå ut, vart først kjent like før påske.

Oppdrettsnæringa har teke kraftig til motmæle heilt sidan kunngjeringa om grunnrenteskatt på havbruk kom i fjor haust.

Regjeringas opphavlege anslag for grunnrenteskatten på havbruk i fjor haust var på 3,5 milliardar kroner i året. Nyleg kom likevel Finansdepartementet med berekningar som viste at han kunne bli mykje større, med opp mot 17 milliardar kroner i år.

Publisert: 13.05.2023 07:16

Sist oppdatert: 13.05.2023 07:16

Mer om