Kort fortalt

Langt fleire IT-folk i norsk arbeidsliv

Nye SSB-tal.

27.07.2021

(NPK-NTB): Medan talet på lønnstakarar samla sett steig med 4 prosent frå 2015 til 2020, var oppgangen innan IT-yrke heile 21,1 prosent, ifølgje SSB.

Ein stor del av auken har skjedd innan yrkesgruppa programvare- og apputviklarar/analytikarar, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Personar med IT-yrke utgjorde berre 3,2 prosent av lønnstakarar ved utgangen av 2020, men denne gruppa utgjorde 14,5 prosent av den totale auken i talet på lønnstakarar frå fjerde kvartal 2015 til same periode i fjor.

Det har særleg vore ein auke i finansierings- og forsikringsverksemd og helse- og sosialtenester med ein oppgang på høvesvis 78,5 og 134,6 prosent frå 2015 til 2020.

(©NPK)

Publisert: 27.07.2021 10:37

Sist oppdatert: 27.07.2021 10:39

Mer om