Kort fortalt

Langt færre utanlandsstudentar til Norge

Studieavgift gir dramatisk nedgang.

NPK
21.07.2023

(NPK): Stortinget vedtok nyleg studieavgift for studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits. Universiteta opplever eit markant fall i talet på internasjonale studentar på grunn av dette.

Det skriv Khrono.

Trass i protestar frå universitetsleiingar og studentar vedtok Stortinget å innføre studieavgift for studentar som kjem frå land utanfor EU, EØS og Sveits før sommaren.

Mange av dei internasjonale studentane har forsvunne etter innføringa av studieavgift.

Ved OsloMet kjem det berre ni studentar med denne bakgrunnen til hausten, ein nedgang frå 83 i fjor. Tal frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) tyder på ein nedgang frå 137 i fjor til 34 i 2023.

For eit femårig studium i utviklingsstudiar kan ein student frå for eksempel Kenya eller USA, etter innføringa av studieavgift, måtte betale opp mot 1,5 millionar kroner, ifølgje Khrono.

Regjeringa meiner dette vil gjere at utdanningsinstitusjonane vil hente inn 300 millionar kroner i studieavgift og frigjere 2600 studieplassar til studentar frå Noreg og EU/ EØS-land

No er Tyskland einaste landet i Europa som ikkje har studieavgift for studentar som ikkje kjem frå EU/EØS og Sveits.

(©NPK)

Publisert: 21.07.2023 12:05

Sist oppdatert: 21.07.2023 12:05

Mer om