Fora Form bud møteromstol foto fora form
LANSERT I STOCKHOLM: Møteromsstolen Bud blir omtala som ein «gøy og ungdommeleg stol for lekne konsept», og er designa av duoen Skogstad & Wærnes. Foto:
Kort fortalt

Lanserer stol på Stockholm-messe

«Gøy og ungdommeleg» frå Ørsta-bedrift.

Marius Rosbach
08.02.2024

Møbelprodusenten Fora Form frå Ørsta lanserer møteromstolen Bud under den årlege bransjemesse i Sverige.

Stolen blir omtala som ein «gøy og ungdommeleg stol for lekne konsept», og er designa av duoen Skogstad & Wærnes, ifølgje ei pressemelding.

Berre tre sunnmørsbedrifter hadde planlagt å reise til Stockholm Furniture Fair i år. Vad i Stordal og Ekornes Contract, som har spesialisert seg på kontraktsmarknaden, er dei to andre.

I fjor var det fleire enn 400 bedrifter påmeldt til Stockholm-messa. I år var påmeldinga falle til kring 240 utstillere. Bransjemessa blir avslutta laurdag.

Tidlegare i veka melde Fora form-eigarane, Lammhults Design Group, at dei hadde lagt bak seg eit tøft år. Det same gjaldt for Fora Form, som det svenske møbelkonsernet kjøpte i 2013.

Publisert: 08.02.2024 10:03

Sist oppdatert: 08.02.2024 10:12

Mer om