NTB 2 FPDS 0q DH0
LARSNES: Røysa ligg på Breivikneset i Sande på Sunnmøre. Ho er om lag fire gonger fire meter i diameter og om lag 75 centimeter høg. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Larsnesing fann gravrøys i hagen

Gravrøysa er 1500-2000 år gamal.

NPK
11.10.2022

Ein mann på Larsnes i Sande kommune skulle berre rydje hagen sin. Då oppdaga han noko som har stått der i lang tid, utan at han har lagt merke til det: ei spesiell steinrøys.

– Vi stoppa arbeidet fordi vi tykte det såg litt rart ut. Vi stod ei stund og lurte på kva det kunne vere og diskuterte om det kunne vere eit fortidsminne, fortel Aksel Kvamme i ei nyheitsmelding på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.

Han skulle berre rydje på eigedommen sin då steinrøysa kom til syne. Ho såg ikkje ut som ei alminneleg steinrøys. Kvamme meinte ho såg ut som om ho var laga av menneske, og kontakta fylkeskommunen.

– Det er vanskeleg å datere henne fordi vi ikkje har grave henne ut enno, men eg vil tippe på at ho vart lagd her ein gong mellom romartida og folkevandringstida. Gravrøysa er nok ein stad mellom 2000 til 1500 år gammal, seier arkeolog Arve Eiken Nytun.

Han fortel at røysa kan fortelje at det mest sannsynleg har vore busetnad på Breivikneset. Ein er kjend med at andre fornminne har blitt funne på sørsida av Gurskøya.

Røysa har ikkje blitt skadd av arbeidet. No skal området rundt henne sikrast og fylkeskommunen skal kartfeste området.

Publisert: 11.10.2022 14:19

Sist oppdatert: 11.10.2022 14:21

Mer om