Kort fortalt

Lasteskip har gått på grunn

Grunnstøyting utanfor Hustadvika.

10.11.2022

Eit skip som fraktar asfalt, har gått på grunn i Aukra i Møre og Romsdal. Det er ikkje fare for mannskapet om bord.

– Eit fraktefartøy med fem personar om bord har gått på grunn. Ikkje fare for mannskap om bord. Lasta med asfalt. Ikkje meldt om utslepp. Brann, kystvakt og redningsskøyte kjem med pumper, skriv Hovudredningssentralen Sør-Noreg på Twitter.

Det er fartøyet Torvaag som har køyrt seg fast utanfor Bud i Hustadvika, skriv Tidens Krav.

– Det er eit lastefartøy lasta med asfalt som har køyrt seg fast, rett nord for Nordre Langøya, fortel operasjonsleiar Jens Dahl i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet vart varsla om ulykka like etter klokka 8.30.

Publisert: 10.11.2022 10:43

Sist oppdatert: 10.11.2022 10:44