Kort fortalt

Lave forventningar til økonomien

Pandemien gjer mange bekymra.

23.03.2021

Ei fersk undersøking frå Opinion viser at nordmenn framleis ikkje er optimistar på vegner av norsk økonomi.

Norsk koronamonitor frå Opinion har gjennom pandemien spurt 100.000 nordmenn om korleis dei vurderer økonomien.

I mars i år seier 45 prosent at dei er bekymra for den norske økonomien som følgje av pandemien.

– Gjennom heile pandemien har folk flest vore meir bekymra for den norske økonomien, enn den personlege økonomien sin, seier seniorrådgivar i Opinion Nora Clausen.

Så langt i mars trur berre 6 prosent at den økonomiske situasjonen i Noreg vil bli betre den neste månaden. 44 prosent trur han blir dårlegare, medan halvparten trur han blir verande uendra. Dette er den lågaste målinga i år og berre november og mars i fjor låg lågare.

Mindre tillit til økonomiske tiltak

Berre fire av ti nordmenn (43 prosent) seier i mars at dei har tillit til at regjeringa har sett i verk dei nødvendige økonomiske tiltaka for å avgrense skadeverknadene på norsk økonomi. 27 prosent er usamde, medan resten svarer verken eller.

– Trenden er at tilliten til det økonomiske tiltaket til regjeringa svekkjer seg gradvis og er no på sitt lågaste nivå under heile pandemien, seier Clausen.

Tilliten no i mars ligg 10 prosentpoeng lågare enn i mars i fjor.

Publisert: 23.03.2021 16:55

Sist oppdatert: 23.03.2021 16:56