Cecilie Myrseth foto Fiskeri og næringsdepartementet
NYTT FORSLAG: Torsdag legg næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) fram sitt endelege forslag til turistskatt. Foto: Fiskeri og næringsdepartementet
Kort fortalt

Legg fram forslag til turistskatt

Næringsministeren har fått mange innspel. Dei fleste av dei er kritiske.

Marius Rosbach
10.04.2025

Torsdag klokka 12.30 legg næringsminister Cecilie Myrseth fram regjeringa sitt endelege forslag til besøksbidrag, også kalla turistskatt. 

Følg pressekonferansen her (ekstern lenke) 

Regjeringa hausta krass kritikk då dei i sitt første forslag opna for at alle kommunar kan innføre inntil 5 prosent i avgift for all overnatting.

På Nordvestlandet vende bedriftene tommelen ned for regjeringa sitt forslag. 

Kommunane derimot har vore positive og ønsker ordninga velkomen. 

Dei aller fleste peiker på at også cruiseturistane må betale, viste ein gjennomgang Nett No gjorde av innspela frå regionen. 

Fleire opposisjonsparti har óg kritisert forslag, og nyleg gjekk tidlegare regjeringspartnar, Senterpartiet, ut og annonserte at dei ikkje ville støtte forslaget. 

Les alle saker om turistskatt

Publisert: 10.04.2025 11:01

Sist oppdatert: 10.04.2025 11:01

Mer om