Regjeringa sitt forslag til eit besøksbidrag – eller turistskatt – som det er blitt heitande i daglegtale – har møtt sterk kritikk frå ein samla reiselivsbransje.
- På Nordvestlandet vender bedriftene tommelen ned for regjeringa sitt forslag.
- Kommunane er derimot positive og ønsker ordninga velkomen.
- Og dei aller fleste peiker på at også cruiseturistane må betale.
Det er hovudinnhaldet i høyringsinnspela frå aktørar i regionen om forslaget som regjeringa la fram før jul. Høyringsfristen er no er ute.
Av dei 17 innspela frå Norvestlandet, er 10 negative og 6 positive til regjeringa sitt forslag, viser ei opprekning Nett No har gjort av høyringssvara. Eitt av svara er ikkje eintydig negativ eller positiv.
Konklusjonen i innspela frå reiselivsbransjen er klar:
Alle bedriftene som har uttalt seg, vender tommelen ned for eit besøksbidrag i den forma regjeringa har lagt fram.
Les alle høyringssvara her (ekstern lenke)
Meiner dagsturistar også må betale
Fleire har meint at næringsminister Cecilie Myrseth startar i feil ende, når ho vil skattlegge overnatting på hotell, campingplassar og hyttegrender.
– For å oppretthalde Geiranger som ein attraktiv destinasjon, meiner vi at alle besøkande, ikkje berre overnattande, bør bidra gjennom turistskatt, skriv Hotel Union Geiranger i sitt høyringssvar.
Dei påpeiker at turistbygda opplever eit «enormt press frå turismen, med 4000 turistar per innbyggar, samanlikna med 400 i Venezia».
Dagsturistar som kjem med bussar, cruiseskip eller eigne bilar nyttar også fellesgode som toalett, parkering, søppelhandtering og utsiktspunkt.
– Ein besøksavgift må derfor også gjelde for dagsbesøkande turistar, skriv dei vidare.

Føreslår at overnattingsgjestar premierast
Ei utvikling i Geiranger med stadig fleire dagsbesøkande, gjer at mindre av inntektene går til lokalt næringsliv og kommune, skriv hotellet.
Snarare enn at dei som overnattar og tilfører mest inntekter til den lokale reiselivsbransjen skal bli belasta med ei ekstra avgift - meiner hotellet at dei desse gjestane bør premierast ved å betale turistskatt berre på første overnatting.
– Vi vil også presisere at denne ordninga berre må brukast i dei hektiske månadane og ikkje i lågsesong der vi treng fleire turistar, heiter det vidare i uttalen.
Hotel Union Geiranger i Stranda kommune, er det einaste frittståande hotellet frå regionen som har sendt inn eige innspel til forslaget.
Peiker på cruise- og bubilturistar
Classic Norway Hotels med moldensar Erik Berg som medeigar og primus motor, gir forslaget frå regjeringa det glatte lag i sitt høyringssvar.
Dei viser til at ordninga med eit besøksbidrag bør vere med å avgrense overturisme og styrke infrastrukturen for pressa destinasjonar.
Forslaget frå regjeringa er i praksis skatt på hotellovernatting, meiner hotellkjeda som ligg an til å passere ein milliard i omsetning i løpet av året.
I staden vil Classic Norway at ei avgift skal rettast mot dei som bidreg minst, til eksempel cruise- og bubilturistar.

Les bakgrunn:
Les også
Hotella i nordvest aukar omsetninga, men slit med å tene pengar. Sjå resultatoversikt.
– Du slepper fanden laus her, seier hotelldirektør Richard Grov om framlegget om ny turistskatt.
Må treffe «der skoen trykkar»
Campingbransjen i Stryn er mellom dei som har sendt inn eit felles høyringssvar frå 21 bedrifter. Dei stiller seg svært negative og viser at til ein slik skatt må treffe «der skoen trykkar».
I tillegg til cruiseturistar – som blir unnateke i forslaget – peiker dei på ei aukande belasting frå villcamping og bubilturistar.
– Skal Norge verte ein reiselivsdestinasjon der fleire ferierer gratis, og der fellesgode vert bygd opp med ekstra bidrag frå allereie betalande gjester, spør dei i sitt høyringssvar.
Regjeringa sitt forslag om besøksbidrag inkluderer all overnatting – også utleige via Airbnb og campingturistar.
Samtidig har regjeringa opna for å nytte inntekter frå parkering. Slik kan ein til eksempel ta betaling ved bubilparkeringar, og ha soner med ulik betaling for bebuarar og tilreisande.
Les alle høyringssvara her (ekstern lenke)

Vil ha pilotordning
Visit Nordfjord, Fjord Næringsforum og reiselivsselskapa Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest vendar tommelen ned for regjeringa sitt forslag.
Sistnemnte er mellom fleire som tek til orde for ei pilotordning.
Dei viser til at det sidan 2018 har vore jobba med konkrete løysingar for brukarfinansiering i verdsarvområda – og at det er avgjerande å vidareføre arbeidet ved å teste ulike modellar.
Kommunane seier ja
Dei fire kommunane frå Nordvestlandet som har sendt høyringssvar er positive til ordninga – i tillegg til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Høyringssvara frå Fjord, Hareid, Ulstein og Ørsta er alle positive til at det blir opna for besøksbidrag.
I uttalen frå Fjord kommune heiter det derimot at forslaget ikkje er godt nok – og vil at dei vil prøve ut ei ordning med avgift frå dagsbesøkande nokre få stader først.
Også dei andre kommunane som har sendt inn høyringssvar, ber om at cruiseturistar blir inkludert i ordninga.
Politikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune bad om det same då dei hadde saka oppe til behandling.
Det er kommunane sjølve som skal få avgjere om dei vil innføra turistskatt til sine besøkande – og inntektene må brukast til «reiselivsrelaterte fellesgoder», som det heiter i høyringsnotatet.
Les alle høyringssvara her (ekstern lenke)
Publisert: 11.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 10.01.2025 23:03