Kort fortalt
Legg ned tre lokalbutikkar
Coop Nordvest kuttar.
03.06.2022
Coop Nordvest vedtok på styremøte 2. juni å leggje ned butikkane på Leikong, Larsnes og i Tjørvåg, opplyser lokalavisa Vestlandsnytt.
Butikkjeda forklarar avgjersla med at fleire og fleire kundar vel å handle på lågprisbutikkar i dei større sentra, framfor å nytte sine lokale butikkar. Dei tre butikkane som skal leggjast ned har siste åra hatt nedgåande omsetning og underskot,
Dei tre butikklokala skal leggjast ut for sal. Det er ikkje fastsett kva som vert siste handledag.
Publisert: 03.06.2022 11:13
Sist oppdatert: 03.06.2022 11:18