Kort fortalt

Lettare å bestille passtime

Lanserte løysinga i dag.

18.11.2019
Politiet etablerar nytt kø- og timebestillingsystem for pass på nett. Møre og Romsdal politidistrikt lanserte løysinga måndag 18. november, opplyser Politiet i ei pressemelding.
No kan du tinge timen du vil ha på nettsidene til Møre og Romsdal på fleire kontor. Du møter der det passar deg best, når det passar deg best.
Å møte utan time går derimot ikkje etter 25. november 2019. I staden vil den som tingar time og som har reisetid vere sikker på å få ordna med pass når ein fyrst tek turen, utan å verte sittande i kø over lang tid, opplyser Politiet.

Publisert: 18.11.2019 15:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31