Kort fortalt

Lettare å bli lærar i Volda

Regjeringa slakkar på opptakskrava.

21.06.2024

NPK/NTB: Høgskulen i Volda og 34 andre lærarutdanningar fordelt på 12 universitet og høgskular får dispensasjon frå karakterkrava frå hausten.

Dispensasjonane gjeld for eitt eller fleire av dei ulike lærarutdanningane ved skulane, anten frå alle nivåkrava, eller berre frå karakterkravet i matematikk.

– Vi treng fleire lærarar, men dei karakterkrava vi har i dag, hindrar motiverte folk frå å byrje på ei lærarutdanning. No gir vi dei utdanningane som har søkt om det, dispensasjon frå krava. Det betyr at vi allereie frå i haust kan ta opp fleire lærarstudentar over heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp), i ei pressemelding.

Høgskulane i Østfold, Volda, Vestlandet, NLA Høgskolen og dessutan Nord universitet, Oslomet, UiT (Noregs arktiske universitet) og Universitetet i Søraust-Noreg får dispensasjon frå alle nivåkrava.

Høgskolen i Innlandet, MF vitskaplege høgskule og Universitetet i Agder får alle dispensasjon frå karakterkravet i matematikk for fleire av utdanningstilboda sine, medan Samisk høgskole får dispensasjon for både karakterkrav og skulepoeng.

Til saman gjeld dette 35 ulike lærarutdanningar, både til grunnskulelærarutdanningar, lektorutdanning og i praktisk-estetiske fag.

Etter at hovudopptaket er ferdig i sommar, kan dermed desse institusjonane gjennom lokale opptak ta opp søkjarar som ikkje oppfyller dagens krav til karakter i norsk og matematikk.

I dag finst det nasjonale karakterkrav på to typar utdanningar i Noreg, nemleg sjukepleiar- og lærarutdanningane. Det er lokale nivåkrav på enkelte studiar, men for dei aller fleste andre utdanningar er det i hovudsak generell studiekompetanse som er kravet.

Publisert: 21.06.2024 13:38

Sist oppdatert: 04.12.2024 14:04

Mer om