Salthammer Båtbyggeri overleverte nyleg «AQS Æge» til AQS Rederi, opplyser verftet i ei melding.
Fartøyet på drygt 28 meter er det første nybygget frå Vestnes-verftet til Flatanger-reiarlaget.
I tillegg har AQS eit systerfartøy under bygging, og tinga nyleg ytterlegare fire fartøy.
Les også

Nybygget har dieselelektrisk framdrift og en batteripakke på om bord på 2000 kilowatt. Servicefartøyet er mellom anna utstyrt med den første fullskala magnetfrie fremdriftssystemet frå Acel Group-selskapet Haf Power Solutions.
Dagleg leiar Lasse Stokkeland ved Salthammer Båtbyggeri fortalde nyleg til Nett No at verftet for tida har ei ordrereserve på godt over ein milliard kroner.
Publisert: 05.05.2026 10:32
Sist oppdatert: 05.05.2026 10:32






