Fire batar til Salthammer 1
OVER EIN MILLIARD: Med den nye kontakt på fire fartøy har Saltammer ei ordereserve på over ein milliard kroner. Illustrasjon: Tomra Engineering.
Nytt

Salthammer sikra fire nybygg

Har ordrereserve på over ein milliard kroner etter største kontrakt nokon sinne for verftet i Vestnes.

17.04.2026

Det er Salthammer Båtbyggeri sitt datterselskap Tomra Engineering som har teikna dei fire nye servicebåtane for oppdrettsnæringa som reiarlaget AQS i Trøndelag har bestilt frå verftet.

Kontraktsbeløpet er ikke opplyst, men det er den største einskildkontrakta nokon sinne både for verft og reiarlag, skriv dei i ei felles pressemelding.

Fartøya blir 28 meter lange og 12,6 meter breie. Dei får heilelektrisk framdrift, stor batterikapasitet og tilrettelegging for lading frå land.

Ni servicebåtar i ordre
Det dagleg leiar Lasse Stokkeland vil seie er at verftet med den nye kontrakten no har ein orderreserve på godt over ein milliardar kroner. Den siste av dei fire båtane skal leverast i første kvartal 2029. Det er den lengste tidshorisonten verftet har hatt.

I tillegg til dei fire båtane AQA har bestilt no, har Salthammer Båtbyggeri ytterlegare to servicebåtar under bygging for AQS. Den første av dei skal leverast i neste veke, og den neste seinare i år. 

Tidlegare i år fekk verftet ei servicebåtkontakt med Sea Harvest. I tillegg skal verftet levere eitt servicefartøy til Freyr i år, og eitt til Herøy Servicebåt neste år. 

Fire år i pluss
Salthammer Båtbyggeri hadde 192 millionar kroner i driftsinntekt i 2024 og fekk eit overskot før skatt på 5,7 millionar kroner. Det var fjerde år på rad i pluss.

Vestnes-verftet eir ein del av det familieigde konsernet L H Salthammer Båtbyggeri Eiendomsselskap, som også omfattar 51 prosent i skipsdesignselskapet Tomra Engineering, den mekaniske industribedrifta Salthammer Tresfjord og eit sjøtransportselskap.

Publisert: 17.04.2026 14:05

Sist oppdatert: 17.04.2026 14:58

Mer om