Kort fortalt

Like mykje fritidsreiser som før pandemien

Ferske SSB-tal.

26.08.2022

(NPK-NTB): Vi reiser no like mykje til utlandet som vi gjorde før pandemien, medan talet på innanlandsreiser er rekordhøgt, viser nye SSB-tal.

Nordmenn drog på 7,5 millionar reiser i løpet av 2. kvartal i år, ifølgje tala frå SSBs reiseundersøking.

5,5 millionar reiser var i eige land. Det er ein auke på 7 prosent samanlikna med same periode året før. Det er også det høgaste talet innanlandsreiser som nokon gong er målt for eit andre kvartal i undersøkinga.

– Under pandemien, som i lange periodar var prega av strenge reiserestriksjonar på reiser til utlandet, valde mange nordmenn å reise i eige land. Sjølv om reiserestriksjonane vart fjerna i midten av februar i år, heldt nordmenn likevel fram å reise i eige land som aldri før, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.

I denne perioden drog nordmenn på rett under to millionar reiser til utlandet. Same periode i fjor, då det var strenge koronarestriksjonar, vart det gjort omtrent 190.000 reiser til utlandet.

– I åra før pandemiutbrotet, drog nordmenn på mellom 2 og 2,5 millionar reiser til utlandet i løpet av andre kvartal. Etter at reiserestriksjonane vart avvikla, er vi tilbake på nesten same nivå som før pandemien, seier Aasestad.

I tillegg var det omtrent 1,3 millionar yrkesreiser.

(©NPK)

Publisert: 26.08.2022 11:23

Sist oppdatert: 26.08.2022 11:27

Mer om