Kort fortalt

Lite vind – men meir vindkraft

Nye anlegg i drift gir auke.

NPK
15.03.2022

Trass i mindre vind enn normalt i fjor, auka den norske vindkraftproduksjonen med nesten 20 prosent.

Auken kjem trass i at det var mindre vind i fjor enn normalt, melder NRK Vestland.

– Årsaka til auken er at fleire nye vindkraftverk vart tekne i bruk i fjor, seier seksjonssjef Ann Myhrer Østenby i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Totalt produserte vindkraftanlegg i Noreg i fjor 11,8 terawattimar med straum. Det er meir enn til dømes årsforbruket av straum i Oslo. Vindkraft utgjer no kring ein tidel av den totale kraftproduksjonen i landet.

– Vindkraft blir viktigare og viktigare etter kvart som meir blir bygd ut, seier Østenby.

Norske vindkraftanlegg produserte 1,8 terawattimar meir i 2021 enn året før, ein auke på nesten 20 prosent.

Kraftanalytikar John Brottemsmo i Kinct Energy fortel at investeringslysta i vindkraft har auka kraftige berre i løpet av denne månaden, og at det stadig dukkar opp nye prosjekt både her i landet og lenger sør i Europa.

Publisert: 15.03.2022 10:12

Sist oppdatert: 15.03.2022 10:13

Mer om