Kort fortalt

Lite å hente frå verna vassdrag

NVE: Lite å hente på utbygging av verna vassdrag.

NPK
14.01.2022

Løysinga på straumkrisa er ikkje å byggje ut verna vassdrag, meiner Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Vi vurderer ikkje potensialet i verna vassdrag til å vere så stort. Vi trur det dreier seg om nokre få terawattimar. Det kan vere nokre prosjekt der, men det er ikkje det som kjem til å monne, seier Inga Nordberg, direktør for energi og konsesjonsavdelinga i NVE, til NRK.

NVE reknar med at kraftbehovet fram mot 2040 ligg på 180 terawattimar, medan vi i dag ligg på 140 terawattimar. Men løysinga ligg kanskje andre stadar enn i å byggje ut verna vassdrag. NVE har rekna ut at ved å oppgradere eksisterande vasskraftverk kan ein hente ut 11 terawattimar.

– Det er ein viktig del, men for å ha nok kraft må vi sjå på ulike kjelder og jobbe veldig effektivt med energieffektivisering, seier Nordberg.

Ho viser til at potensialet ved å isolere gamle bygg er på 8 terawattimar med dagens incentiv- og støtteordningar.

– Med endå betre incentivordningar og politiske verkemiddel er det nok potensial for å dra til endå meir her, seier ho til NRK.

Publisert: 14.01.2022 18:14

Sist oppdatert: 14.01.2022 18:16

Mer om