Kort fortalt

Litt fleire kvinner i fiske

Ferske tal frå Fiskeridirektoratet.

06.01.2022
(NPK-NTB): Tal frå 2021 viser ein liten oppgang i talet på fiskarar i Noreg, og det er kvinner som står for auken.

Dei førebelse tala frå fiskemanntalet, som Fiskeridirektoratet har lagt fram, viser at talet på personar som har fiske som hovudyrke, auka med 25 personar i 2021.

Det var totalt 9.516 personar som hadde fiske som hovudyrke ved utgangen av 2021. 392 av dei var kvinner.

Talet på kvinnelege fiskarar auka med 32 personar frå 2020 til 2021, medan det vart sju færre menn.

– Sjølv om andelen kvinner er lågt, også blant dei yngre fiskarane, er andelen likevel høgare enn for heiltidsfiskarane totalt sett. Så sant kvinnene blir i næringa, kan vi derfor håpe at kjønnsfordelinga over tid blir jamnare enn ho er i dag, seier direktør Per Sandberg ved statistikkavdelinga i Fiskeridirektoratet.

(©NPK)

Publisert: 06.01.2022 13:02

Sist oppdatert: 06.01.2022 13:09

Mer om