(NPK-NTB): DNB tente 13,4 milliardar kroner før skatt i tredje kvartal i år.
– Norsk økonomi går betre enn venta, og norske bedrifter held fram med å investera medan sysselsetjinga held seg på eit høgt nivå. Kombinert med ein inflasjon som er på veg ned, gir det auka tru på eigen økonomi framover, både for bedrifter og privatpersonar, seier DNB-sjef Kjerstin Braathen i ei børsmelding.
Resultatet er ein nedgang på snautt to milliardar kroner frå 15,3 i fjor, som var deira sterkaste kvartal nokosinne.
Rentekuttet frå Noregs Bank i september er først venta å først bita frå seg i september, ettersom DNB valde ein varslingsfrist til kundane sine på to månader. Dei netto renteinntektene til banken enda på 16 milliardar kroner i tredje kvartal.
DNB melder om ein vekst i utlån til personkundar på 2,7 prosent frå tredje kvartal i fjor, medan utlån til dei største bedriftene steig med ein halv prosent i kvartalet og det var lite endringar i utlån til små og mellomstore bedrifter, skriv E24.
Publisert: 22.10.2025 09:43
Sist oppdatert: 22.10.2025 09:43





