Kort fortalt

Litt svakare gjeldsvekst for hushalda

Ferske SSB-tal.

31.01.2022

(NPK-NTB): Innanlandsgjelda til norske hushald var 3.994 milliardar kroner ved utgangen av desember. Tolvmånadersveksten var 5 prosent, uendra frå månaden før.

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Tolvmånadersveksten i lånegjelda hos kommuneforvaltninga, ikkje-finansielle føretak og hushald til saman var 5,0 prosent fram til utgangen av desember, ein liten nedgang frå 5,1 prosent månaden før.

Ved utgangen av desember 2021 var denne lånegjelda (K2) 6.621 milliardar kroner.

Den innanlandske lånegjelda i dei ikkje-finansielle føretaka utgjorde 2.003 milliardar kroner ved utgangen av desember. Tolvmånadersveksten var 4,9 prosent, uendra frå månaden før.

(©NPK)

Publisert: 31.01.2022 09:28

Sist oppdatert: 31.01.2022 09:29

Mer om