NPK-NTB: LO avviser at det er aktuelt å inngå kompromiss om ein IA-avtale utan å frede den noverande sjukelønnsordninga i fire år, skriv Klassekampen.
Fleire av dei større fagorganisasjonane har sagt seg villige til å inngå eit kompromiss der sjukelønnsordninga blir freda i tre år, men LO står fast på at ordninga må fredast i fire år – til slutten av neste stortingsperiode.
– Vi har heile tida sagt at vi går for ein fireårig avtale. Det har også vore fire år i tidlegare avtalar, seier LO-nestleiar Steinar Krogstad til Klassekampen.
Bakgrunnen for fredingsperioden er at kvar ny IA-avtale har gått ut mot slutten av ein stortingsperiode. LO stoler ikkje på at ein kortare fredingsperiode vil gi same tryggleik, skriv avisa.
I tillegg peikar Krogstad på at avtalen vil innehalde både tiltak og utgreiingar som krev tid.
– Det blir ingen avtale utan fire års varigheit, understrekar han.
Forhandlingane om intensjonsavtalen for eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) kollapsa i starten av desember.
Partane i IA-avtalen skal møtast hos arbeidsminister Tonje Brenna 28. januar i eit forsøk på å dra i gang dei stranda forhandlingane.
Publisert: 15.01.2025 08:22
Sist oppdatert: 15.01.2025 08:22