NTB w Qknd Excb Y 2 IKKJE BRUK
MEIR LØN: LO, med Kine Asper Vistnes i spissen ventar reallønnsvekst i lønsommpgjeret i år. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Kort fortalt

LO krev solid lønnsløft i oppgjeret

17.02.2026

(NPK-NTB): LO vedtek tysdag krava til lønnsoppgjeret. På lista til Noregs største arbeidstakarorganisasjon er auka kjøpekraft og låglønnstillegg.

– Vårt viktigaste krav er at lønningane til folk må opp, og dei må stige meir enn prisane, seier Fellesforbundet-leiar Christian Justnes til FriFagbevegelse.

LOs representantskap møtest tysdag for å vedta hovudkrava framfor lønnsforhandlingane. Sekretariatet foreslår tre hovudkrav: Auka kjøpekraft, låglønnstillegg og forskotering av sjuke-, foreldre- og pleiepengar.

Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) spår i den førebelse rapporten sin at inflasjonen i Noreg endar på 3 prosent i år. LO vil krevje at ramma i frontfaget blir større enn dette. Lønnsdelen, altså den delen av bedriftsinntekter som går til å betale lønn, var i fjor historisk låg på 74,7 prosent.

– Medlemmene våre må få ein større del av overskotet, sa LO-leiar Kine Asper Vistnes til FriFagbevegelse etter at TBU la fram analysane sine fredag.

Dei såkalla frontfagsforhandlingane – der Fellesforbundet, Parat og Norsk Industri blir samde om lønnsoppgjeret for konkurranseutsett industri – byrjar 23. mars. Dette dannar ramma for oppgjeret i andre sektorar.

(©NPK)

Publisert: 17.02.2026 08:53

Sist oppdatert: 17.02.2026 09:10

Mer om