Kort fortalt

LO: Nei til domstolreversering

LO vil ikkje gå inn for ei generell reversering av domstolsstrukturen.

21.04.2022

Det kjem fram i høyringsfråsegna frå arbeidstakarorganisasjonen.

I fråsegna skriv LO at det er ulike syn på dette blant medlemmene, men at reisevegen er eit moment som blir vektlagt av dei lokale tillitsvalde, skriv Rett 24.

Reforma inneber at dommarar frå tid til anna må belage seg på setje rett ved andre rettsstader innan same rettskrins.

LO skriv at det for ei rekkje tingrettar og jordskifterettar blir opplyst at fleksibiliteten har auka, og at reforma har ført til betre ressursutnytting for både tilsette og brukarar.

Organisasjonen meiner at i delar av landet, med korte og enkle reisevegar, vil saksfordelinga for alle partar vere enklare.

– For dei fleste av desse rettskretsane ser ikkje LO behov for å gjeninnføre tidlegare struktur, skriv LO.

Domstolsreforma tredde i kraft 1. mai i 2021. Den inneber at talet på tingrettar blir redusert frå 60 til 23, og talet på jordskifterettar frå 34 til 19, men at talet på rettsstader blir halde oppe på same nivå som før. Høyringsfristen går ut tysdag neste veke.

Publisert: 21.04.2022 16:28

Sist oppdatert: 21.04.2022 16:29

Mer om