Kort fortalt

LO: - Vanvittig leiarløn

LO ut mot leirløna i Equinor.

24.03.2023

Måndag startar lønnsoppgjeret. Då vil LO peike på svimlande lønningar til norske toppleiarar. – Eit angrep på den norske modellen, seier LO-sekretær.

Konsernsjef Anders Opedal i Equinor hadde ein lønnsvekst frå 18,1 millionar kroner i 2021 til 19,6 millionar kroner i 2022. Høge olje- og gassprisar bidrog til eit rekordresultat for selskapet i fjor, med justert driftsresultat på 74,9 milliardar dollar. I 2021 var tilsvarande tal 33,7 milliardar dollar.

Lønnsveksten til toppsjefen i Statoil/Equinor har over ti år vore heile 41,4 prosent, skriv Klassekampen.

I LO er førebuingane til årets mellomoppgjer som startar måndag i full gang. Dei slår fast at sjefslønna i det statseigde olje- og energiselskapet har passert nivået som kan kallast «moderat».

– 19–20 millionar er eit overhendig lønnsnivå. Når nokon har 20 millionar i lønn, vil ein prosentvis få eit aukande gap. Her må leiarane og styra ta ei moderasjonslinje, seier Are Tomasgard som sit i LO-leiinga.

Han viser til at næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har sendt ein tydeleg beskjed om at han forventar moderasjon i selskap som staten eig.

Her må leiarane lytte. Vi tek med oss alle tal til forhandlingsbordet, påpeikar LO-sekretæren.

– Alt dette vil arbeidsgivarsida møte. Dette er eit angrep på den norske modellen og frontfagsmodellen, og går ut over tilliten.

Publisert: 24.03.2023 08:34

Sist oppdatert: 24.03.2023 08:34

Mer om