Kort fortalt

Lokalavis må skifte avisdagar

Bygdebladet går bort fra laurdags-utgåve.

09.11.2016
(NPK): Uvisse rundt avisdistribusjonen på laurdagar gjer at Bygdebladet heretter skal kome ut tysdagar og fredagar.
I over 40 år har Bygdebladet, som dekkjer kommunane Vestnes, Ørskog, Stordal, Skodje og Haram i Møre og Romsdal, kome ut på onsdagar og laurdagar kvar veke. Men etter at det vart klart at Posten ikkje lenger skal drive avisdistribusjon på laurdagar, ser avisa seg nøydd til å endre praksisen.
– Den nye leverandøren har dessutan ikkje tilgang til postboksane til kundane. Dermed har vi fått ein uroleg situasjon som ingen er tente med, seier redaktør Reidar Opsal til eiga avis, ifølgje Sunnmørsposten.
– For ikkje å bryte alle bruer har vi bestemt at dei nye avisdagane skal gjelde fram til årsskiftet, legg han til. (©NPK)

Publisert: 09.11.2016 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43