Kort fortalt

Lovar koronakompensasjon i januar

Raskare utbetaling til restaurantar-, kultur- og utelivet.

07.01.2022

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) lovar at det vil bli utbetaling av kompensasjon til restaurant-, kultur- og utelivsbransjen denne månaden.

– Så snart løysinga for å søkje er klar, vil bedriftene få pengane sine. Dette skjer ikkje i februar eller mars, som tidlegare anteke, men i januar, seier Vestre til TV 2.

Kompensasjonsordninga, som skal gi hjelp til bedrifter som er ramma av pandemien og har eit inntektstap på 30 prosent eller meir i november og desember, blir lagde fram for Stortinget 14. januar. Det opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Dermed kan utbetalingane skje i slutten av månaden, då søknader skal behandlast automatisk av Brønnøysundregistera.

Publisert: 07.01.2022 07:15

Sist oppdatert: 07.01.2022 07:17

Mer om