Lukrativt med leigebil
Fjord Mobility dobla inntektene og snudde minus til pluss.
Ålesundsselskapet Fjord Mobility hadde eit godt år i 2022, samanlikna med året før. Selskapet blei stifra i 2016, og driv med utleige av bilar på Vestlandet.
Bilane til Fjord Mobility er leasa, og selskapet hadde utgifter knytt til dette på heile 58,3 millionar i løpet av 2022.
Fjord Mobility sysselsette 49 årsverk i rekneskapsåret.
1. september 2021 overtok selskapet drifta av Avis region Bergen, i tillegg til Møre og Romsdal. Fjord Mobility dobla inntektene i 2022, og snudde resultatet frå minus til pluss.
Resultatmarginen var på 3,6 prosent. Det er ei merkbar forbetring frå 2021, då marginen var -0,4 prosent.
Fjord Mobility | ||
Tal i millionar kroner | 2022 | 2021 |
Salsinntekter | 169,7 | 74,7 |
Driftsresultat | 6,3 | -0,5 |
Resultat før skatt | 6,2 | -0,3 |
Publisert: 01.08.2023 12:02
Sist oppdatert: 01.08.2023 12:02