NPK-NTB: Statkraft varsla nedbemanning då dei tysdag presenterte resultata sine for andre kvartal, med 5,1 milliardar i minus før skatt.
Nedbemanninga kjem som følgje av at selskapet har sett seg eit mål om å redusere kostnadene med rundt 2,9 milliardar kroner årleg innan 2027. Kven av selskapets 6867 heiltidssette til som blir ramma, vil vere klart neste år, ifølgje leiar for medierelasjonar Andreas Tinglum i Statkraft.
Ifølgje E24 stadfestar Statkraf at selskpaet internt har delt tidlege anslag som tilseier at 500 tilsetje kan bli ramma..
Dei fleste av dei tilsetje som blir ramma, blir knytte til Statkraft Varme, prosjekt i India og ladeselskapet Meir, som blir seld. Selskapet har også varsla ein stor reduksjon i hydrogensatsinga, som 60 tilsetje er knytte til.
Publisert: 22.07.2025 11:21
Sist oppdatert: 22.07.2025 11:21





