Låg tiltru til daglegvarekjedene
Forbrukarane kjøper ikkje forklaringane.
(NPK-NTB): I ei fersk spørjeundersøking svarer seks av ti nordmenn at dei trur daglegvarekjedene set opp prisane meir enn dei treng for å kompensere for auka utgifter.
Berre éin av ti seier dei i stor eller svært stor grad stoler på kjedene, skriv Dagbladet.
Daglegvarekjedene hevdar at både auka innkjøpsprisar og straumutgiftene gjer at dei må setje opp prisane, men kundane deira kjøper altså ikkje den forklaringa.
Professor Øystein Foros ved Noregs handelshøgskole er ikkje overraska over resultata i undersøkinga som InFact har gjennomført for avisa.
– Det har skjedd veldig store prisendringar, og då er det lett å tenkje at her dreg dei til litt ekstra, seier han.
Han peikar på at det er svært vanskeleg å seie om kjedene presenterer den heile og fulle sanninga, og at det er ei utfordring for kjedene å kommunisere ut prisaukar.
Verken Kiwi, Coop eller Rema 1000 er spesielt overraska over resultatet av undersøkinga.
– Det er sjølvsagt synd, men ikkje spesielt overraskande, seier kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi. Ho seier at prisaukane ikkje eingong dekkjer dei faktiske utgiftsaukane.
Ifølgje avisa tente toppsjefane i dei tre største aktørane i daglegvarebransjen (Norgesgruppen, Coop og Rema 1000) til saman over 30 millionar kroner samla i lønn, bonus og andre ytingar i fjor.
(©NPK)
Publisert: 07.11.2022 09:25
Sist oppdatert: 07.11.2022 09:26