Kort fortalt

Lågare arbeidslyst etter pandemien

Ny rapport frå SMB Norge.

16.08.2022

(NPK): Den totale arbeidslysta har gått ned med to prosent etter pandemien, viser ny rapport. Størst utslag er det hos dei som vart permitterte.

Det fortel fagforeininga Krifa og interesseorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter (SMB Norge) i ei pressemelding.

– Vi ser at dei som har vore permitterte under pandemien skårar markant lågare på alle parametrar enn dei som ikkje vart permitterte, og at det er ein klar samanheng mellom permittering under pandemien og lågare arbeidslyst, seier Kristin Fjellman, som er dagleg leiar i Krifa Norge.

Indeksen måler arbeidslysta ut frå sju ulike faktorar: leiing, resultat, medverknad, balanse, kollegaar, meistring og meining.

Det er faktoren «meining» som har klart størst innverknad på arbeidslysta til nordmenn, medan «leiing» har minst å seie.

Løn betyr visstnok lite for arbeidslysta, men opplevinga av å ha ei «rettvis løn» har effekt på ønsket om å skifta jobb.

Undersøkinga viser også at arbeidslysta til dei tilsette har sterk samanheng med resultata til verksemdene. Høg arbeidslyst gir ei betre botnlinje. Den samfunnsmessige gevinsten av å auka den samla arbeidslysta i Noreg med 1 prosent, utgjer cirka 50 milliardar kroner i året, viser berekningar.

Undersøkinga God Arbeidslyst Indeks vert lagt fram i Arendal tysdag.

(©NPK)

Publisert: 16.08.2022 10:38

Sist oppdatert: 16.08.2022 10:40

Mer om