Kort fortalt

Lågare prisvekst enn venta

Matvareprisane viktigste drivkrafta.

10.03.2023

(NPK-NTB): Prisane steig 6,3 prosent frå februar i fjor til februar i år, viser nye tal frå SSB. Matvareprisane bidrog mest til å trekkje tolvmånadersveksten ned.

Frå januar til februar i år steig prisane med 0,4 prosent. Tolvmånadersveksten i februar enda på 6,3 prosent, seier tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Den viktigaste årsaka til at prisveksten held fram med å halde seg høg er matvareprisane. I tillegg er bilar, husleige og restauranttenester andre viktige komponentar som held prisveksten oppe, seier seksjonssjef i SSB, Espen Kristiansen.

Frå januar til februar i år steig matprisane 1,6 prosent. Det er noko som er mykje mindre enn for same periode i fjor, då desse prisane auka med 4,5 prosent.

– Frå januar til februar i fjor auka matvareprisane svært mykje. I år, derimot, målte vi ein relativt beskjeden oppgang i matvareprisane frå januar til februar. Det gjorde at tolvmånadersveksten i februar fall frå månaden før, seier Kristiansen.

Samanlikna med februar i fjor var prisane på mat og alkoholfrie drikkevarer 8,8 prosent høgare i februar i år. Frå januar til februar auka prisane med 1,6 prosent, som er den lågaste februarauken sidan 2017.

NHO meiner dette speglar at butikkane har strekt seg langt, og at det framleis er ei dyr tid vi lever i.

– I daglegvare er situasjon no så tøff for enkelte aktørar, at fortsetjinga kan bli meir spennande enn vi ønskjer, seier Linda Vist, direktør for Handel i NHO Service og Handel.

Prisane på elektrisitet inkludert nettleige fall med 5,8 prosent frå januar til februar. Det heng saman med høg vindkraftproduksjon i Noreg og Europa i februar, kombinert med lågt forbruk som følgje av relativt mildt vêr i Noreg og nedover i Europa.

Ifølgje SSB ville tolvmånadersendringa for KPI utan straumstøtteordninga vore på rundt 7,3 prosent i februar.

Prisane på bensin steig med 2,7 prosent frå januar til februar, medan prisane på diesel fall med 3,8 prosent. Dermed var prisane høvesvis 8,3 og 13,0 prosent høgare enn for eitt år sidan.

– Dette er den lågaste tolvmånadersveksten vi har sett for drivstoff på lenge, seier Kristiansen.

Publisert: 10.03.2023 09:14

Sist oppdatert: 10.03.2023 09:17

Mer om