Kort fortalt

Lågaste arbeidsløyse på 14 år

Arbeidsløysa i Noreg fall til 2,9 prosent i mars

25.05.2022

Det er ned 0,4 prosentpoeng frå desember. Det er det lågaste nivået på 14 år, ifølgje SSB.

Onsdag vart sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrås (SSB) arbeidskraftundersøking publisert.

Frå desember i fjor til mars i år vart det registrert 10.000 færre arbeidsledige. Ikkje sidan 2008 har arbeidsløysenivået vore lågare, ifølgje SSB.

– Heilt sidan i fjor sommar har arbeidsløysa gått kraftig ned. Samtidig har auken i sysselsetjinga vore større enn nedgangen i arbeidsløysa, som betyr at arbeidsstyrken har auka. Vi ser altså at det er svært høg aktivitet på arbeidsmarknaden no, seier seksjonssjef Tonje Køber i SSB.

Ein stor del av nedgangen har skjedd blant personar under 25 år, ei aldersgruppe som ikkje alltid har krav på dagpengar, men som blir fanga opp som arbeidsledige i denne undersøkinga dersom dei søkjer på jobb.

– Ein del unge kan ofte vere tilgjengeleg for jobb sjølv om dei ikkje er arbeidsledige, altså i ei form for skjult arbeidsløyse. Tal for 1. kvartal 2022 viste nedgang i den skjulte arbeidsløysa siste år, særleg blant unge, seier Tonje Køber.

Publisert: 25.05.2022 08:34

Sist oppdatert: 25.05.2022 08:35

Mer om