Kort fortalt

Lågaste hyttesal på fem år

Men salet av dyre hytter går til vêrs.

14.02.2024

(NPK-NTB): Trass i kraftig prisvekst i 2022 fekk hyttemarknaden ein knekk i fjor, ifølgje tal frå Eiendom Norge. Likevel skyt salet av dei dyraste hyttene i vêret.

For etter fleire år med prisvekst i den norske hyttemarknaden, som toppa seg under pandemien, er både etterspurnaden og prislappen på veg ned, ifølgje bransjeorganisasjonen.

– I 2023 har omsetningsvolumet falle litt tilbake frå 2022, og vi må tilbake til 2015 for å finne tilsvarande volum, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Prisen for både fjellhytter, sjøhytter og innlandshytter sokk i fjor samanlikna med 2022. Nedgangen er størst for sjøhyttene, der gjennomsnittsprisen fall med 4,1 prosent frå 2022.

Likevel held salet av dyre hytter stand. Hytter med ein prislapp på over 5 millionar kroner har meir enn dobla seg i omfang etter pandemien, ifølgje Eiendom Norge.

– Omsetninga av dyre hytter er langt høgare enn før pandemien. Dette segmentet synest frikopla frå renteaukar og dyrtid, seier Lauridsen.

Det vart selt flest hytter i Trysil, Vinje og Ringsaker kommune i fjor. Prisen på ei hytte ved sjøen var høgast i kystkommunane Moss, Tvedestrand og Grimstad, medan det var dyrast med fjellhytte i Øyer (Hafjell), Hemsedal og Hol (Geilo).

(©NPK)

Publisert: 14.02.2024 10:24

Sist oppdatert: 14.02.2024 10:24

Mer om