For å få bukt med forsøpling av havet må alle som mistar fiskereiskap som ruser og teiner, no rapportere dette. Tiltaket er ein del av ein handlingsplan.
Tidlegare har det vore frivillig å melde inn tapte fiskereiskap. Eit anna tiltak i handlingsplanen er at ruser og teiner må merkast med namn, skriv Klassekampen.
– Plastforsøpling og spøkelsesgarn er eit omfattande problem. No strammar vi inn tiltaka, seier fiskeri- og kystminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
Kravet om merking gjeld både yrkes- og fritidsfiskarar. Kvar det økonomiske ansvaret skal plasserast, er ikkje klart.
– Ein metode kan vere å la forureinar betale. Vi vurderer òg om produsentane av fiskereiskap må bli pliktig å lage retur- og gjenbruksordningar, seier fiskeriministeren.
Samtidig skal det greiast ut måtar å merke garn og liner på. Der blir det foreslått elektroniske ID-brikker, like dei ein merker husdyr med.
Publisert: 15.03.2021 08:54
Sist oppdatert: 15.03.2021 08:57