Mai-rekord for utanlandske overnattingar
Opp 16 prosent frå i fjor.
NPK-NTB: Talet på utanlandske overnattingar auka med 16 prosent ved norske overnattingsstadar samanlikna med same månad i fjor. Det er rekord i mai, skriv SSB.
Det vart registrert rundt 768.000 utanlandske overnattingar ved dei norske overnattingsverksemdene i fjor. Det er 105.000 fleire overnattingar meir enn i 2022, viser tal frå overnattingsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB).
– I mai i fjor såg vi at talet på utanlandske gjester nærma seg nivået vi hadde før pandemien, og i mai i år var utlendingane tilbake i Noreg for fullt. Den svake norske krona kan vere ei viktig årsak til at fleire utanlandske turistar enn før legg turen til Noreg, seier rådgivar Boyd Oyier i SSB.
Publisert: 30.06.2023 08:49
Sist oppdatert: 30.06.2023 08:49