Makrell-krangel med EU
Noreg blir trua med represaliar.
NPK/NTB: I eit brev til fiskeriminister Bjørnar Skjæran datert 7. august, som NTB har fått innsyn i, rettar EUs miljø- og fiskerikommissær Virginijus Sinkevicius uvanleg skarp kritikk mot Noreg.
I brevet skuldar Sinkevicius mellom anna Noreg for å drive overfiske på makrell. Han viser til at Noreg har løyvd seg sjølv ein andel på 31,99 prosent av den totale makrellkvoten som vart avtalt mellom dei såkalla kyststatane – EU, Noreg, Storbritannia, Island og Færøyane – i 2022.
Det er heile 42 prosent meir enn i fiskeriavtalen som vart inngått i 2014, ifølgje Sinkevicius.
2014-avtalen gjekk ut i 2020. Sidan då har Noreg og EU krangla om korleis makrellkvoten, som har vorte ein av dei mest verdifulle fiskebestandane i Europa, skal fordelast. Utan å lykkast.
Saka er nemleg den at sidan 2014 har makrellen, som tradisjonelt har halde til i både norske, britiske og internasjonale farvatn, endra vandringsmønsteret. No er det meir makrell i norske farvatn enn før. Det gir Noreg rett til å fiske meir, er den norske posisjonen.
Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) avviser kritikken.
– Noreg har mykje makrell i den økonomiske sona vår, og den nasjonale kvoten vår er basert på dette. Den kvoten EU forlanger, er høgare enn dei har biologisk krav på, og vi håpar at dei stiller med meir realistiske krav i den neste forhandlingsrunden, seier han til NTB.
Publisert: 13.09.2023 12:11
Sist oppdatert: 13.09.2023 12:11