Kort fortalt
Makrellavtale med Storbritannia og Færøyanse
Avtale for tre år.
18.06.2024
NPK-NTB: Noreg, Storbritannia og Færøyane er samde om ein avtale om forvalting, fordeling og tilgang til å fiske makrell i farvatna til kvarandre.
Avtalen handlar mellom anna om storleiken på dei nasjonale kvotane, sonetilgang og vitskapleg samarbeid, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.
Avtalen gjeld inntil vidare for tre år. Den norske totalkvoten for 2024 blir rundt 230.000 tonn.
Avtalen opnar for at Noreg kan fiske delar av kvoten sin i den økonomiske sona til Storbritannia, i praksis farvatnet rundt Shetland.
I fjor omsette norske fartøy makrell til ein førstehandsverdi på cirka 3,8 milliardar norske kroner.
Publisert: 18.06.2024 06:58
Sist oppdatert: 18.06.2024 06:58