Kort fortalt

Mange ut av Kyrkja etter oljevedtak

1.700 utmeldt på ei veke.

25.11.2021
(NPK-NTB): Ei veke har gått sidan Kyrkjemøtet vedtok støtte til tilråding om stans i oljeleiting. Sidan då har over 1.700 personar meldt seg ut av Den norske kyrkja.

Det får Vårt Land opplyst. Utmeldingane har skjedd mellom onsdag 17. november og tysdag 23. november.


– Det er naturleg at vedtaket som vart fatta på Kyrkjemøtet, fører til nokre reaksjonar av denne typen. Samtidig er det viktig for oss å vere tydelege på at Kyrkja ikkje ser på dei som jobbar i petroleumssektoren i Noreg som eit problem. Dei gjer ein svært stor innsats for verdiskaping for det norske samfunnet, seier Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja.

Allereie første dag etter vedtaket melde 434 personar seg ut, meir enn i dei ti dagane før til saman, ifølgje Nettavisen.

(©NPK)

Publisert: 25.11.2021 07:57

Sist oppdatert: 25.11.2021 08:45

Mer om