Kort fortalt

Mange bønder vil ha solenergi

Klimatiltaket flest vil prioritere.

NPK
19.05.2022

(NPK): Seks av ti bønder vil prioritere innfasing av solenergi som mogleg klimatiltak, viser ei ny måling.

Målinga er utført av Agri Analyse for Landkreditt og viser at seks av ti bønder løftar fram innfasing av solenergi som det tiltaket dei vil prioritere høgast, skriv Landkreditt i ei pressemelding.

– Gardsbruk har store takflater, så slik sett ligg forholda godt til rette for å ta i buk solcellepanel, seier Svein Skøien, prosjektleiar for klimasmart landbruk i Norsk landbruksrådgiving (NLR).

Han seier dei merker stor interesse, spesielt når straumprisane er høge.

– Investeringsbehovet vil vere frå rundt 500.000 kroner og oppover, men det er etablert støtteordningar til fornybar energi gjennom Innovasjon Noreg. Våre rådgivarar i NLR hjelper bøndene i denne søknadsprosessen, seier Skøien.

Fem av ti nemner grøfting som eit anna tiltak, medan GPS og presisjonsutstyr til traktor, slangespreiar eller nedfellingsutstyr for husdyrgjødsel, bruk av jordvarme, biofyring og investering i traktor eller minilaster som går på straum eller gass er prioriteringar som kjem lenger bak.

(©NPK)

Publisert: 19.05.2022 10:41

Sist oppdatert: 19.05.2022 10:42

Mer om