Kort fortalt

Mange droppar utlandet

Tre av ti har endra planlagd utanlandsferie neste år.

29.12.2021

I ei spørjeundersøking svarer tre av ti at dei har endra den planlagde utanlandsferien sin neste år på grunn av koronasituasjonen.

– Slik smittesituasjonen har utvikla seg med omikronvarianten og innføring av nye tiltak, er det ikkje overraskande at mange no kjenner utryggleik rundt å planleggje utenlandstur- eller ferie neste år, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

I undersøkinga, utført av YouGov for Tryg i desember, svarer 30 prosent ja på at dei har endra ferieplanar i utlandet for neste år på grunn av den forverra koronasituasjonen.

– Det kan vere lurt å sjå an utviklinga. Svært mange land har no betydelege restriksjonar, og forholda rundt innreisereglar, karantene og andre restriksjonar blir endra på kort varsel, seier Brandeggen.

Publisert: 29.12.2021 11:06

Sist oppdatert: 29.12.2021 11:07

Mer om