Kort fortalt

Mange får varsel om permittering

Nav: Varsel om permitteringar tredobla sist veke

20.12.2021

Førre veke fekk 15.000 personar varsel om permittering. 60 prosent av jobbane er innan overnattings- og serveringsverksemd.

I førre veke fekk Nav varsel om permitteringar for 14.800 personar, og dessutan varsel om masseoppseiingar for 400 personar.

Det opplyser Nav måndag.

Statistikken viser ikkje kor mange av permitteringane eller oppseiingane som faktisk blir gjennomførte.

– Varsla om permitteringar gjeld særleg innan overnatting og servering, og både store og små verksemder står bak permitteringsvarsla, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Totalt 843 verksemder har levert varsel om permitteringar i løpet av førre veke. Varsel som gjeld 100 personar eller fleire, står for 20 prosent av permisjonsvarsla.

Serveringsverksemder står for flest av permisjonsvarsla, med 6.700 personar. Nest største næring er sports- og fritidsaktivitetar og drift av underhaldningsparkar, der 3.600 personar er ramma. Tredje største næring er overnattingsverksemd, med 2.000 ramma personar.

Publisert: 20.12.2021 13:01

Sist oppdatert: 20.12.2021 13:02