NPK-NTB: Uavhengig av talet på tilsette i selskapet har fire av ti norske leiarar opplevd feiltilsettingar det siste året, ifølgje ei spørjeundersøking.
– Talet er veldig høgt, og det overraskar oss. Rapporten viser tydeleg at feiltilsettingar er ei stor utfordring blant norske leiarar, seier divisjonsdirektør Ingjerd Birkelund i rekrutteringsselskapet Experis.
Éi av åtte bedrifter gjorde tre eller fleire feiltilsettingar i same periode.
Feiltilsettingar er i undersøkinga definert som tilsettingar der den nytilsette ikkje fungerer i stillinga si og/eller i arbeidsmiljøet i verksemda.
Spørjeundersøkinga er gjennomført av Opinion på oppdrag frå konsulent- og rekrutteringsselskapet Experis, som er eigd av ManpowerGroup. Det var 801 respondentar.
Dei vanlegaste feila ved tilsettinga er at kandidatane ikkje har dei evnene dei gav inntrykk av i intervjuet, eller at kandidaten ikkje passar inn sosialt.
Tre av ti leiarar meiner dei burde gjort meir for å unngå feiltilsettingar. Grundigare rekrutteringsprosess og betre oppfølging av nytilsette den første tida er det leiarane sjølv trekker fram som viktige tiltak, ifølgje undersøkinga.
Fire av ti leiarar svarer at mangel på tid er den hyppigaste årsaka til feiltilsettingar. Blant leiarar som har opplevd feiltilsettingar, svarer åtte av ti at det kostar mykje tid og pengar å rette dette opp.
23 prosent av dei 801 respondentane jobba i bedrifter med over 100 tilsette, 22 prosent i bedrifter med mellom 20 og 99 tilsette, 13 prosent i bedrifter med 10 til 19 tilsette og 42 prosent i bedrifter med færre enn ti tilsette.

Publisert: 18.02.2019 09:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36