Kort fortalt

Mange leasingfirma skjuler prisen

Ti av tretten bryt marknadsføringslova.

25.02.2019
NPK: Ti av tretten undersøkte firma som har tilbod på internett om leasing av bilar, bryt marknadsføringslova. Det er resultatet av ein tilsynsaksjon Forbrukartilsynet har gjort.
Prisinga er i mange tilfelle mangelfull og gir eit urealistisk bilete av kva det faktisk kostar å lease ein bil. I fleire av dei marknadsførte avtalane utgjer etableringsgebyr og startleige 30–40 prosent av totalprisen, men ofte er berre månadsprisen med i annonsen.
– Dette er eit problem. Det skal ikkje vere nødvendig å trykkje seg vidare i annonsen for å sjå den fulle prisen, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.
Forbrukartilsynet vart i 2014 einige med Finansieringsselskapenes forening om krav til marknadsføring av privatleasing. Ifølgje avtalen skal all reklame for leasing som inkluderer prisopplysingar, innehalde eit forklarande priseksempel.
I 2017 fekk sju av tretten selskap varsel frå Forbrukartilsynet, og dei lovde da å innrette seg etter krava. Likevel er det no fleire aktørar som bryt lova.
Forbrukartilsynet har bedt dei aktuelle selskapa om å endre marknadsføringa.

Publisert: 25.02.2019 18:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35