Mange lèt pandemien styre ferieval
Optimismen har snudd.
(NPK-NTB-Alexander Vestrum): 80 prosent av dei spurde fortel at koronaspreiinga vil vere styrande for val av reisemål og reiseform også i 2022, ifølgje Reisepuls-undersøkinga til Virke.
Undersøkinga vart presentert tysdag og er gjennomført i slutten av november og starten av desember, altså før dei strenge koronatiltaka vart sette inn.
– Hausten 2021 var prega av ein svak optimisme rundt nordmenns utanlandsreiser, men som ein konsekvens av restriksjonane og tiltaka knytte til omikronviruset har optimismen snudd, seier kommunikasjonssjef Maria Østerhus Lobo i Virke.
For Noreg isolert sett oppgir 72 prosent at smittespreiinga i svært
eller ganske stor grad vil vere styrande for deira val av reise dette
året.
Generelt meiner 69 prosent av dei spurde at reiseaktiviteten i ferien blir påverka av koronasituasjonen. I 2020 svarte 74 prosent det same.
Den nye undersøkinga tyder på at nordmenn no er litt mindre skeptiske til å feriere i utlandet enn det dei var i den førre undersøkinga, som vart gjord i desember 2020, men likevel langt under det vanlege nivået.
Hovudorganisasjonen trur det er fleire årsaker til dette, mellom anna at vaksinasjonen går framover her til lands, og at Utanriksdepartementet har oppheva rådet om å unngå reiser til utlandet.
– Vi ser at nordmenn ønskjer å reise og oppleve utlandet, men at
pandemien gjer det vanskeleg. Når smittetala er lågare, vil nok fleire
bestille reiser til populære feriedestinasjonar som Hellas og Spania
igjen, seier kommunikasjonssjefen.
Gode avbestillingsmoglegheiter blir trekte fram som viktig ved bestilling, og Virke fortel at folk gjerne vil ha avbestillingsforsikring i bakhand.
– Vidare er låg smitte i destinasjonslandet og at dei sjølv har teke vaksine, med på å gjere det meir sannsynleg at ein bestiller reiser til utlandet i år, seier Maria Østerhus Lobo.
Ifølgje undersøkinga planlegg 19 prosent vinterferie i år, noko som
er på nivå med tidlegare målingar. Blant desse planlegg nesten
halvparten – 48 prosent – å feriere på ei privat hytte, medan 25 prosent
vil dra til utlandet. Når det gjeld påskeferien, har 34 prosent planar
om dette, og dei fleste av dei vil bruke private hytter eller besøkje
venner eller familie i Noreg.
66 prosent av dei spurde planlegg sommarferie i 2022. Blant desse oppgir 43 prosent at dei vil feriere i utlandet, medan 38 prosent vil vere på privat hytte i Noreg. Viken, Vestland og Oslo er dei mest populære reisemåla her i landet, medan Spania, Danmark og Hellas peikar seg ut som utanlandske reisemål for dei som planlegg sommarferie i år.
Ifølgje undersøkinga planlegg hushalda i gjennomsnitt å bruke 40.150 kroner på ferie i 2022, litt meir enn det tilsvarande beløpet – 35.350 kroner – ved den førre målinga i desember 2020.
Undersøkinga er basert på 1.561 intervju av personar over 18 år og er gjennomført av Opinion/Norstat.
(©NPK)
Publisert: 04.01.2022 12:52
Sist oppdatert: 04.01.2022 12:54