Kort fortalt

Mange menn meiner kvinnedagen ikkje trengst

Gir inspirasjon til likestillingsministeren.

08.03.2022

(NPK-NTB-Jakob Hildrum): Ein av ti menn veit ikkje når kvinnedagen er, og berre litt over halvparten av norske menn meiner vi treng ein kvinnedag, viser ei måling frå Respons Analyse.

– Det er jo ikkje bra at såpass mange menn ikkje veit når dagen er, men det gir meg berre inspirasjon til å løfte likestillingssaka og til å kjempe vidare. Eg meiner vi må få menn om bord i likestillingskampen, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) til NTB.

Ei ny undersøking, gjennomført av Respons Analyse, viser at oppslutninga rundt kvinnedagen er høg. 68 prosent av respondentane meiner vi treng ein kvinnedag. Men det er store kjønnsforskjellar.

57 prosent av menn synest vi framleis treng kvinnedagen, 28 prosent synest vi ikkje gjer det, medan 15 prosent veit ikkje. Blant kvinner meiner 79 prosent at vi treng kvinnedagen, medan 9 prosent synest vi ikkje treng han. 1.201 personar vart spurde.

Likestillingsministeren meiner det er viktig òg å løfte menns problem, slik at menn kan innkluderast i likestillingskampen. Ho er oppteken av at det ikkje skal vere kampen for kvinner mot menn.

– Av den grunn jobbar vi òg med å setje ned eit mannsutval for å sjå på menns utfordringar. Vi får løfta kampen dersom vi anerkjenner at også menn har likestillingsutfordringar, seier Trettebergstuen.

Publisert: 08.03.2022 08:37

Sist oppdatert: 08.03.2022 08:39

Mer om