Kort fortalt

Mange planlegg julebord

Fire av ti nordmenn seier dei skal på julebord i år.

25.09.2021

På same tid i fjor sa halvparten så mange det same.

Ein av tre seier nei, medan resten veit ikkje, viser nye tal frå Norsk koronamonitor frå Opinion. I alt 12.000 nordmenn er spurde om dei vil delta på julebord i år, og dessutan om dei trur jula blir annleis i år på grunn av koronasituasjonen.

– I dag er det akkurat tre månader til jul, men laurdag klokka 16.00 er spesielt og kan fort endre mange av planane våre framover, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Fredag kunngjorde regjeringa at dei opphevar dei resterande koronarestriksjonane og går over til det som blir kalla «normal hverdag med økt beredskap». Det inneber mellom anna at den såkalla meteren fjerna.

18 prosent seier dei trur jula kjem til å bli annleis i år på grunn av koronasituasjonen, mot 39 prosent på same tid i fjor.

– Ein viss skepsis til normal kvardag kan nok bestå, sjølv om det meste no er lov, seier Clausen.

– Julebordssesongen blir kanskje testen på om folk er klare for den store folkefesten. I tillegg ei øving i ustø dansetrinn i litt tronge og gamle finklêr, seier ho.

Publisert: 25.09.2021 13:10

Sist oppdatert: 25.09.2021 13:11