Kort fortalt

Mange privat tilsette får lav pensjon

Ein av tre kan få pensjon under halv løn.

08.03.2019
NPK-NTB: Ei stor gruppe private arbeidstakarar utan avtalefesta pensjon (AFP) risikerer å ende med pensjon under 50 prosent av livsinntekta om dei går av ved 67 år.
Ein tredel av alle med jobb i privat sektor kan ende opp med ein pensjon ned mot 50 prosent av lønnsnivået sitt. Dei yngste årgangane utan AFP og utan gullkanta tenestepensjon kjem dårlegast ut, ifølgje Klassekampen.
Med mindre dei jobbar til dei er over 70 år, vil denne gruppa få ei samla kompensasjonsgrad ned mot, og under, 50 prosent av det dei har tent i snitt i yrkeslivet, ifølgje rapporten «Etter pensjonsreformen – politiske veivalg». Rapporten er utarbeidd av pensjonsekspert og forskar Jon Hippe ved Fafo og Axel West Pedersen ved Institutt for samfunnsforskning på oppdrag for EL og IT Forbundet.
Ifølgje Hippe dreier det seg om rundt 300.000 arbeidstakarar som er utan AFP i privat sektor.
Når forbundsleiar Jon Olav Andersen opnar landsmøtet i EL og IT Forbundet fredag, er beskjeden at fagrørsla må få i gang ein større debatt om pensjon i LO fram mot stortingsvalet i 2021.
Eit sentralt tema, som òg blir trekt fram i rapporten, er at dei som har størst behov for å jobbe lenger, i minst grad vil gjere det i framtida. Det er systematiske skilnader i kven som kan forlenge yrkeskarrieren sin, og forskar Hippe påpeikar at eit relevant spørsmål er om arbeidslivet eigentleg er tilgjengeleg for alle eldre.

Publisert: 08.03.2019 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35