To månader etter at skattekortet var klart, er det framleis to millionar nordmenn som ikkje har sjekka at opplysningane stemmer.
Det melder Skatteetaten i ei pressemelding onsdag. Dei tilrår at ein sjekkar.
– Dersom du vil vere sikker på at du betaler rett skatt, er det viktig å sjekke at informasjonen vi bruker er rett, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.
Skattekortet viser kor mykje skatt som blir trekt frå lønn og andre utbetalingar i 2022, og det har vore tilgjengeleg sidan 15. desember i fjor.
Nokre av opplysningane Skatteetaten nyttar til utskriving av skattekort for inntektsåret 2022, byggjer på informasjon frå skattemeldinga og skatteoppgjeret for inntektsåret 2020 og a-meldinga.
Men seinare endringar i livet ditt og i privatøkonomien din vil ofte påverke kva skatt du skal betale.
– Skattetrekket vi har rekna ut for deg, er basert på korleis vi trur inntekta di, utgiftene dine og formuen din ser ut i 2022. Samtidig veit vi at både pandemien, regelendringar og endringar i livssituasjonen gjer at dette anslaget kan bli feil. Då kan òg skatten bli feil, understrekar Gjengedal.
Publisert: 02.03.2022 10:26
Sist oppdatert: 02.03.2022 10:27