Kort fortalt

Mange sparte på straumen

Straumforbruket i årets første månader var på lågaste nivå nokosinne.

NPK
22.04.2022

I dei tre første månadene av 2022 var straumforbruket 14 prosent lågare enn same tid i fjor, og på det lågaste nivået nokosinne registrert for første kvartal.

– Den store nedgangen i straumforbruket for alminneleg forsyning må sjåast i lys av relativt varmt vêr i 1. kvartal i år, seier seniorrådgivar Magne Holstad i SSB.

I både januar, februar og mars låg gjennomsnittstemperaturen for heile landet godt over normalen. I første kvartal i fjor låg temperaturane under normalen i to av tre månader.

Statistikken gjeld for forbruket innan alminneleg forsyning, altså hushald, tenesteytande næringar og annan industri. Forbruket låg på 24,3 TWh i dei tre månadene.

Samtidig gjekk den samla produksjonen av elektrisitet ned, og var på 42,6 TWh i første kvartal. Det er 6,6 prosent mindre samanlikna med same tid i fjor, då det var rekordhøg produksjon.

Vindkraftproduksjonen auka derimot kraftig og var på 4,7 TWh, det høgaste nivået av vindkraftproduksjon som er registrert i statistikken uavhengig av kvartal.

Publisert: 22.04.2022 09:46

Sist oppdatert: 22.04.2022 09:47

Mer om