Kort fortalt

Mange tomatbønder gir opp

Om lag kvar tredje tomatbonde vil leggje ned i år.

18.01.2022

Minst 27 prosent av tomatbøndene vil leggje ned drifta i år, viser ei ny undersøking. Årsaka er høge energiprisar som gir låg driftsmargin.

Skyhøge prisar på straum og gass har ført til at både tomatbønder og fleire andre veksthusprodusentar slit med å få reknestykket til å gå opp.

Det viser ei årleg kartlegging utført av Grøntprodusentenes samarbeidsråd, skriv Nationen.

– I år vil 27 prosent avstå frå å produsere tomatar på grunn av den økonomiske situasjonen. Mange sit òg framleis på gjerdet, seier konsulent Bjarte Åsbø i samarbeidsrådet til avisa.

Kartlegginga vart gjennomført før regjeringa varsla at støtteordninga for straum til veksthus skal auke frå 50 prosent til 80 prosent for månadene januar til mars.

Åsbø seier toget langt på veg har gått for dei som har meldt at dei la vere å produsere tomatar i år.

– Dersom ein ikkje har teke ei avgjerd, går det til langt utpå sommaren før ein er i gang med innhausting, seier Åsbø.

Han anslår at tomatproduksjonen vil gå ned minst 20 prosent samanlikna med i fjor, noko som vil gjere det langt vanskelegare for kundane å finne norske tomatar i butikkane.

Publisert: 18.01.2022 07:24

Sist oppdatert: 18.01.2022 07:26

Mer om